Bli med på eventyr
SYKKEL
Naturopplevingar
I Årdal får du naturopplevingar i verdsklasse i eit område av Sogn som ligg litt for seg sjølv. Her slepp ein å gå i kø, og det er noko å ta seg til for dei fleste. Bratte fjellsider byr på den beste skikøyringa, den beste klatringa og dei seigaste turane. Djup fjord og store vatn byr på fantastisk fiske og nydeleg padling. Ville og vakre Utladalen gjer Jotunheimen lett tilgjengeleg for dei fleste – anten du vil gå eller sykla. Og ein flott konsekvens av industrieventyret i Årdal er milevis med anleggsvegar som snirklar seg gjennom fantastisk natur – og som eignar seg perfekt for sykling i høgfjellet. Kom bli med du også!
Kurs
Me arrangerer kurs både på fastsette tidspunkt og på førespurnad. Våre kurs vert lagt opp etter utdanningsstigen til Norsk Padleforbund - og kvalifiserer deltakarar til våttkort. Lurer du på om padling er noko for deg? Ta eit introduksjonskurs på 3 timar og finn det ut. Er du sikker på at padling er noko for deg, men manglar dei grunnleggande kunnskapane for å legga ut på tur på eiga hand? Grunnkurs hav gir deg den kompetansen du treng for å ferdast trygt på vatnet i ein kajakk. Ta kontakt med oss for informasjon om komande kurs.
Kajakkskulen
Kajakkskulen er for deg mellom 9 og 14 år. Kajakkskulen er ein padlecamp for born og ungdom som likar friluftsliv og aktivitetar i vatn. Du lærer å padla, å samarbeida med andre, å vera trygg på vatnet og å ha det moro ute i naturen.
Vinteropplevingar
Me tilbyr opplevingar i naturen heile året, og om vinteren kan du bli med på trugetur til fantastiske utsynspunkt eller på vinterpadling i eit spektakulært landskap. Sognefjorden er magisk om vinteren - om du ser han ovanfrå eller er i nærkontakt med elementet i ein kajakk.
Klar for eventyr?