Meistring i naturen
Kvifor "Bulder & Brak?
Jo, kvifor ikkje? Vår kjærleik for naturen i området vårt starta i Hurrungane i Vest-Jotunheimen. Dei majestetiske tindane omkrinsar bygda vår - og dei er alltid til stades i medvitet vårt. Ordet "hurr" er norrønt og tyder noko slikt som "bråk". Og sjølv om me er mange som oppsøker naturen for å koma vekk frå mas og kjas - så er ikkje naturen stille. Om du opnar sansane vil du høyra vinden mot fjella, breane som rører seg, vatnet som renn i elvene og steinspranga på våren. Landskapet rundt oss her i Årdal er bratt og dramatisk - og absolutt ikkje stille. Men det tyder ikkje at me ikkje kan finna stille når me går inn i naturen; lydane og rørslene i naturen speglar nemleg naturen i oss. Friluftslivet er bra for oss, både for kroppen vår og det som rører seg på innsida. Og det er dette me ønskjer å dela med andre. Me finn motivasjon i at ein tur med oss kan vera starten på noko nytt i livet - ei ny interesse eller eit nytt syn på naturen og kroppen. Me ønskjer å gje menneske både utfordringar og meistring - men mest av alt glede gjennom ulike opplevingar i naturen. Velkomen!
TORUNN & LARS-KRISTIAN