Ocean clean up

 

Ha tru på at det nyttar å gjera noko

Me kjenner på eit stort ansvar for å ta vare på den naturen som me har eit så sterkt forhold til. Me kjenner også på takksemd over at me bur akkurat i Årdal - omkrinsa av vilt og vakkert landskap frå dei høgste alpine tindane i Hurrungane til den lengste fjorden i landet. Her er så mykje reint, rennande vatn at det står i grell kontrast til mange andre stader i verda - og då er det ei sjølvfølgje at me må ta vare på naturen! Ein sjølvsagt del av alle våre aktivitetar er difor at me snakkar om plast og forsøpling, og at gjestene våre blir oppfordra til å ta aktiv del i rydding av plast som ein del av turen. Og etter 5 år i bransjen har me aldri opplevd at nokon har stilt seg negative til å ta med seg plasten dei padlar forbi på fjorden. Me er glade for kvar einaste vesle plastbit som blir fjerna frå vatnet, og me trur det nyttar sjølv om det er eit mikroskopisk bidrag til situasjonen globalt sett. Det handlar nemleg like mykje om å endra haldningar og tankesett. Og når borna på kajakkskulen vår blir del av ein plastpatrulje som faktisk padlar ut for å gjera ein ryddejobb, så vil det endra synet deira på det å kasta frå seg ting i naturen. Og det er ikkje sjeldan me opplever at borna uttrykker at dei er skuffa over dei vaksne. For det er både flasker, brusboksar, snusboksar og grillmatemballasje som ligg i fjorden vår - og det er ikkje born som har kasta det frå seg. Så plukk plast - det nyttar!

Kajakkskulen sin plastpratulje i aksjon på Årdalsfjorden.

Kajakkskulen sin plastpratulje i aksjon på Årdalsfjorden.

Julie & Astrid i aksjon ved stranda i Seimsdalen.

Julie & Astrid i aksjon ved stranda i Seimsdalen.