Yoga & Kajakk
ved fjorden
29. august - 31. august 2025
Velkomen til Yoga & Kajakk i idylliske Indre Ofredal!
Velkomen til Yoga & Kajakk i idylliske Indre Ofredal!
Det er ei stor glede å kunna invitera til Yoga & Kajakk ved fjorden i Indre Ofredal i samarbeid med Katrin frå Yomasofi. Yogainstruktør Katrin vil ta oss gjennom 4-5 økter med Anahata Yoga i løpet av helga, og er vêret fint kan me gjennomføra yogaøktene utandørs på den flotte kaien ved fjorden. Med berre lyden av bølgjeskvulp og elvesus å lytta til, blir dette ei helg for å finna ro og ny energi.
Om Anahata Yoga:
Anahata Yoga handlar om å leda med hjarte i alt ein gjer. Ved å snu fokuset innover i oss sjølve blir me meir medvitne vår eigen kropp, og vil visa godleik i tankar, ord og handlingar mot oss sjølve og andre. Me vil opna opp indre blokkeringar for ein fri flyt av energi. Gjennom desse rolege, fine rørslene tonar me kroppen frå innsida, og oppnår bedre sirkulasjon, pust, energi, vitalitet og kreativitet. Me tillet kroppen å hela seg sjølv betre og forstår at kroppen sitt potensiale er så mykje større enn me trur. Ved å ta ansvar for oss sjølve kan me læra å takle utfordringar betre, både på det fysiske og psykiske plan.
Ta med eiga yogamatte om du har, varme klede og varme sokkar til å ta på i slutten av kvar økt.
Yoga og kajakk utgjer ein perfekt kombinasjon. Padling er ein aktivitet som krev at ein er tilstades mentalt, at ein pustar og bevegar kroppen - akkurat som yoga. Du kan også få prøva SUP-brett om du ønskjer det. Me stiller med erfarne instruktørar til aktivitetane. Du treng INGEN førkunnskapar for å ta del i verken yogaøktene eller padlinga. Me tilpassar nivået til den enkelte, og noko av poenget er å læra noko nytt, kjenna på meistring og ha det moro.
Ta med:
Ullundertøy / lette treningsklede til å ta på under tørrdrakta
Caps /solkrem
Klesbyte / handklede dersom ein blir blaut
Varme klede til å ha på på land
Drikkeflaske / snacks til tur
Du kan velja mellom:
1) introduksjonskurs havpadling (3 timar) (inkl våttkort)
2) guida tur (3-4 timar)
3) Vera med på både 1) og 2)
Me overnattar i dei historiske bygningane nede ved fjorden i Indre Ofredalen. I tidlegare tider var Ofredalen eit handelssenter, og den gamle saga er under restaurering i desse dagar. Historien til denne staden er svært interessant. Me deler måltid og aktivitetar saman her.
NB! Romma er twinrom (2-sengsrom) med ferdig oppreidde senger.
Katrin brenn for ei heilheitleg tilnærming til kropp og helse, og me vil ha fokus på mat som gjer kroppen vår godt. Menyen vil i hovudsak vera vegansk/vegetarisk. Katrin er sjefen på kjøkkenet, men for dei med interesse kan det bli aktuelt å laga mat i fellesskap.
MENY KJEM
*Har ein øvrige behov/allergiar må ein melda frå, evt ta med eigen mat.
Totalpris: kr 4200,- pr person inkludert alt.
Betaling: Me sender ut faktura med betalingsfrist 3 veker på førehand. Betaling sikrar deg plass.
Ta kontakt med oss om du har spørsmål.
Føremålet med denne helga er å vera nær naturen og praktisera yoga og padling i flotte omgjevnader.
10 plassar - meld deg på ved å ta kontakt på telefon +47 975 22 139 eller epost HER.