Sykkeltur i Utladalen
KVAR DAG PÅ FØRESPURNAD | JUNI - OKTOBER | 3-4 TIMAR
LEIG EIN SYKKEL FOR TUR I UTLADALEN
Dersom du har tenkt deg innover Utladalen for å gå til Vettisfossen, så kan du leiga ein sykkel av oss for å ta deg dei første 5 km ipå grusvegen nn til Vetti Gard. Der må du setja frå deg sykkelen for å gå det siste stykket på sti anten til foten av fossen eller opp til det nye utsynspunktet over fossen. Du kjem til å vera svært takknemleg for sykkelen når du skal tilbake til Hjelle på slutten av dagen.
Hugs å ta omsyn til gåande i Utladalen! Elva Utla lagar mykje lyd, og det er ikkje sikkert dei gåande høyrer at du kjem i stor fart på sykkel. Bruk ringeklokka og ta ned farten din før passeringar.
Pris: kr 700,- pr sykkel pr dag, inkl levering og hjelm