Sykkeltur til 1000
Har du høyrt om den vakraste sykkelturen i landet?
I Årdal finn me lange tradisjonar for vasskraft som energikjelde, men denne utviklinga kom ikkje av seg sjølv. Tidleg på 1900-talet starta arbeidet med vegen som kopla Årdal saman med Valdres, og som måtte byggast i samband med vasskraftutbygginga i Tyin-vasdraget - i dag kalla Tunnelvegen. Vegen er eit stykke vegkunst, bygd for hand med enkle verktøy og maskienr. I dag er vegen tilgjengeleg for oss alle, som ein fantastisk flott attraksjon - og kanskje den flottaste sykkelturen i landet.
Fakta:
Sletterust - Tusenmeteren: 12 km
Tusenmeteren - Øvre Årdal: 12 km
Total lengde: 24 km
Alternativ 1: Du kan velja å sykla t/r Sletterust-Tusenmeteren, om du vil unngå nedkøyringa på ca 900 høgdemeter frå utsynspunktet ned til Øvre Årdal. Me organiserer transport og henting om de ønskjer det. Me transporterer syklane til startpunktet for turen på Sletterust.
Alternativ 2: Du kan velja å sykla heile vegen frå Sletterust ned til Øvre Årdal. Då får du oppleva dei spektakulære hårnålsvingane frå Tusenmeteren og nedover fjellsida. På ca 400 moh kjem du til hovudvegen FV 53, og må følgja denne ned til bygda. Vegen går gjennom 3 korte, men mørke tunnelar - så hugs lys på sykkel og deg sjølv, og hald sida di og farten nede.
Kontakt oss for leige av terrengsykkel og evt hjelp med å organisera transport til Sletterust.
Denne filmen gir eit godt inntrykk av kva du får oppleva om du leiger sykkel hjå oss for å sykla gamle tunnelvegen.
Tilstandsrapport Tunnelvegen:
Delar av Tunnelvegen er smal og i stor grad usikra med grov og ujamn overflate og hjulspor. Du må difor ta det roligare enn på ein moderne sykkelveg, og turen eignar seg ikkje for uerfarne syklistar. Dei mest krevjande partia finn du rett før og inne i tunnelen ca 5,5 km ut i sykkelturen og vidare frå utsiktspunktet 1000moh og ned til FV53 (lang nedfart og skarpe svingar).
Hald deg inn mot fjellet der det er mogleg, og gå av sykkelen i dei partia av vegen du ikkje er komfortabel med å sykla.
Vegen er utsatt for steinsprang, spesielt ved mykje nedbør, og den blir ikkje rydda/vedlikehalden.