Det er kraft i samskaping

Med Katrin på laget kombinerer me yoga og kajakk.

Med Katrin på laget kombinerer me yoga og kajakk.

Dei siste åra har det vore eit høgdepunkt å kunna invitera til ei inspirerande helg i Indre Ofredal med yoga, kajakk og god mat i fokus. Denne våren sette korona ein stoppar for dette, men fortvil ikkje; våreventyret blir eit hausteventyr - for det skal meir til enn eit virus for å stoppa samskapinga mellom Bulder & Brak Opplevingar og Yomasofi.

Nokre samarbeid er betre enn andre, og ikkje minst - nokre samarbeid er viktigare enn andre. Og samarbeidet med Katrin Moe er viktig for oss. Det handlar nemleg om å møtast frå kvar sin kant, om å få nye perspektiv på noko ein har sysla med lenge og ikkje minst om å ha nokon å le og gråta med. For livet som sjølvstendig næringsdrivande med lidenskap som den viktigaste drivkrafta kan kjennast ekstra tungt når verda blir snudd på hovudet og ein kjenner at alt er litt utrygt. Men i slike stunder er det samskapinga kjem inn som ein ekstra drivkraft. Ein er ikkje åleine om å brenna og å villa, og ein er heller ikkje åleine om å satsa. Me gler oss til å samskapa med Yomasofi i Indre Ofredal 11.-13. september 2020, og håpar du vil vera med oss.

Og med dette i bakhovudet tok eg meg ein prat med Katrin om det å skapa saman, og då vart eg minna på det utrulege at då me arrangerte Yoga & Kajakk saman for første gong, så hadde me berre møtt kvarandre i levande live ein gang før. Men nokre gonger kjenner ein berre at det stemmer, og planlegging og organisering blei gjort anten over telefon eller via epost - frå kvar vår kant.

Og når ting er enkelt, så blir det ofte bra. Og så var det også eit veldig enkelt spørsmål som starta det heile: Kan me skapa noko i lag, trur du? Og slik gjekk det til at me møttest over ein kopp kaffi på Tya Bakeri | Kafè i Øvre Årdal, der me fekk snakka om ideane og verdiane våre. Og planen var at me skulle møtast igjen før samlinga fann stad - me trudde jo me hadde kjempegod tid før våren kom. Men tida gjekk så altfor fort, og neste gong me såg kvarandre var altså i Indre Ofredal, som velkomstkomitè til 10 flotte deltakarar frå heile landet. Det er ikkje vanskeleg å planlegga når ein er einig om alt, seier Katrin. Ho har til og med skulda meg for å vera tankelesar.

Og deltakarane på vår første Yoga & Kajakk-samling vart nok litt forundra då dei fekk vita at eg og Katrin berre hadde møtt kvarandre ein gong før. Dei trudde dette var noko me hadde gjort mange gonger før, for alt fall på plass den helga, med yoga og kajakk hand i hand, og Katrin rettleia oss i tillegg i matvegen ved å trylla fram deilige, vegatriske rettar som gav oss mykje påfyll og energi.

Og med berre lyden av elvesus, bølgjeskvulp, summande humler og fuglekvitter som kulisse for yogaøktene, var batteria fullada før helga var omme.

Så kva er poenget med å fortelja dette no?

Me er mange som har det tøft i samband med at koronaviruset sette ein stoggar for store delar av samfunnet vårt, me er mange som driv for oss sjølve, har lagt ned uendeleg med arbeidstimar i eit prosjekt me brenn for og har tru på. Og mange av oss har nok tenkt at ting løyser seg, berre ein jobbar hardt nok og lenge nok. Men eit virus er det ikkje så enkelt for oss som enkeltpersonar å gjera noko med…

Så - kanskje er tida inne for å tenkja nytt? Kanskje skal du no slå deg saman med nokon som er litt som deg, men også veldig annleis? Det er så inspirerande å skapa saman! Det veit både eg og Katrin. Ein kan skapa mykje åleine, men ikkje alt. Saman kan ein få til heilt andre ting, og ikkje minst kan ein inspirera og motivera kvarandre. Og akkurat no trur me at ei kjensle av fellesskap er viktigare enn nokon gong før. Og viss alt går etter planen møter du meg og Katrin ved fjorden i Indre Ofredal 11. - 13. september , og fokus er som før på yoga, kajakk og god mat.

20190615_132232.jpg

Varme helsingar frå Torunn & Katrin


Her finn du informasjon om Yoga & Kajakk i september.

Og her finn du informasjon om Katrin/Yomasofi.

Torunn Todal Laberg