Halvdags padletur på Lærdalsfjorden

KVAR DAG PÅ BESTILLING • 3 TIMAR • KL 10:00 & KL 14:00

Våre erfarne guidar tek deg med på tur på vakre Lærdalsfjorden. Denne turen gir deg verkeleg inntrykk av kontrasten mellom fjorden og dei stupbratte fjellsidene som ligg omkring. På denne turen får du innføring i grunnleggande padleteknikk på same tid som du lærer om fjorden og livet kring Sognefjorden. Me tek oss god tid, og stoppar ofte for å ta bilete og nyta omgjevnadene.

PRIS:

Tandemkajakk 1+1: KR 1450,-