Informasjon og pris
Helga 25.-26. august arrangerer me grunnkurs hav med langtur og overnatting i Lustrafjorden. Me startar ut frå Indre Ofredalen med ein introduksjon til padleteknikk og redningsteknikkar først og padlar deretter ut Årdalsfjorden og inn Lustrafjorden. Me overnattar i lavvo, lagar mat saman og nyt dei vakre omgjevnadene til fulle.
Om turen/kurset:
Grunnkurset vil krevja to fulle dagar med ein god del padling. Avhengig av vind- og straumforholda i fjorden kan dagsetappane variera frå 3-5 timar. Hovudfokus er uansett naturopplevinga og at me skal nyta å vera på tur og ha tid til å ta inn den storslagne naturen rundt oss.
Målet for turen er å nå fram til Solvorn og Walaker Hotel på dag 2. Der vil me nyta ein 2-retters lunsj. Pris på lunsjen er kr 375,- per person.
Lustrafjorden er elles ein av dei lengste fjordarmane i Sognefjorden, og me organiserer difor transport med RIB tilbake til Indre Ofredalen på ettermiddagen dag 2 - så slepp me å padla att og fram same vegen. RIB-safari er elles ei morosam og fartsfyllt oppleving - i kontrast til den stillegåande kajakken. Me seier: ja takk, begge deler! Me har fått ein veldig god pris for RIB-turen frå Solvorn til Indre Ofredalen på kr 400,- per person.
Om Lustrafjorden: Lustrafjorden er ein lite trafikkert del av Sognefjorden, med spennande natur, mykje dyreliv og idylliske stader for overnatting i telt/lavvo.
Me sender ut pakkeliste i god tid før turen, då de vil trenga utstyr som sovepose og liggeunderlag.
Pris for turen: kr 2900,- per person. Dette inkluderer overnatting i lavvo, stormkjøkken/brensel, 2 stk aktivitetsleiarar, guiding og leige av alt utstyr. Turen blir på same tid gjennomført som eit grunnkurs hav - slik at du sit att med ny kompetanse og våttkort etter turen.
Kostnadene til lunsj på Walaker Hotel (kr 375,-) og RIB-turen (kr 400,-) kjem i tillegg.
Vil du vera med? Ta kontakt så snart som råd. Det er 10 plassar på turen, og førstemann til mølla får vera med!
Join us on this adventure!