Sognefjorden på langs i mars

Frå fjella til havet, frå vinter til vår

Nokre uventa fridagar i mars og ei djup lengt etter havet og våren, resulterte i eit 200 km langt padleeventyr.

TEKST | Torunn Todal Laberg

- Så feil kan ein altså ta, seier far min og smiler lurt over brillene. Eg trudde de trengde ferie frå denne padlinga no, ikkje at padling skulle vera ferien.

Og slikt kan ein kanskje seia til dei som har padling som jobb, men som likevel bestemmer seg for å nytta sjeldne fridagar til å padla enda meir. Og kanskje er det vanskeleg å forstå at nokon aldri blir lei av å padla same kor mykje dei gjer det. Og me kunne heilt sikkert ha gjort noko heilt anna desse fridagane som kom i mars – men så var det likevel fjorden som lokka. Kanskje fordi han er så lett tilgjengeleg for oss? Når ein bur der verdas lengste farbare fjord går på land, så er det ikkje så vanskeleg å lasta det ein treng av mat og utstyr for nokre dagar på tur i kajakken, og legga av garde. Ein treng ikkje ha ein plan ein gang, anna enn eit godt felles utgangspunkt. Og denne turen var det berre eg og mannen min som skulle ta del i.

- Har du tenkt på kor lenge du vil padla? Mannen min står med hovudet langt nede i lasteluka for å dytta teltstenger og teltpluggar heile fram i tuppen på kajakken. Kvar einaste kvadratcentimeter av lastekapasitet må utnyttast når ein ikkje veit heilt sikkert kor lenge ein har tenkt å vera på tur.

Har du tenkt på kor langt du vil?

- Eg veit ikkje, seier eg. Eg veit berre at eg vil padla til eg ikkje orkar meir eller til eg mistar motivasjonen.

- Ok, då har me ein plan, seier han.

Opp ei ur for å ta ein lur

Utgangspunktet for turen vår er Årdal, inst i Sognefjorden. Dette er heimstaden vår, der me livnærer oss ved å tilby naturbaserte aktivitetar til både turistar og lokalbefolkning. Kvar me endar opp vil visa seg. Det viktigaste er å kopla av, bevega seg sakte, ikkje sjå på klokka, men følgja dagslyset. Og ta det som det kjem. Det skal jo vera ein ferie, dette her.

Kvar me endar opp vil visa seg.

Det viktigaste er å kopla av, bevega seg sakte, ikkje sjå på klokka, men følgja dagslyset.

I store delar av året er Sognefjorden kontoret vårt, men med gjester og kursdeltakarar kjem me sjeldan lengre utover enn Årdalsfjorden. Til gjengjeld har me nok padla Årdalsfjorden fram og tilbake og på kryss og tvers fleire gonger enn dei fleste dei siste åra, så første etappe på turen blir ein rein transportetappe for vår del. Me må finna ut kvar me skal overnatta også, helst før det blir mørkt.

Forholda denne dagen er nydelege med blank fjord og snøkledde fjellsider. Me har stor glede av å padla heile året, og fjorden kan vera magisk på vinteren. Lyset inne blant dei høge fjella i Sogn er heilt spesielt på denne tida av året, det er ein slags blåtone som legg seg på alt sjølv om det er midt på lyse dagen. Sola kjem berre ned i dalbotnen i korte glimt – og nokre stader er sola faktisk vekke i fleire månader om gongen. Og ein kan sjølvsagt velja å bli lei og trøytt av å leva i skuggen av høge fjell, men me likar desse endringane som kjem med sesongane. Og sola er jo stort sett berre ein fjelltopp unna. Og på Sognefjorden kan ein rekna med å vera heilt åleine som kajakkpadlar på vinteren – det er nesten garantert.

Sørsida er mi side.

- Kva trur du om å følgja sørsida utover? spør eg.

- Det må vel gå bra, svarar mannen min. Mange argument talar i mot, så det er klart du vil følgja sørsida, seier han og ler.

Ei snøkledd steinur får duga som overnattingsplass.

På denne tida av året er sørsida vinter, medan nordsida er vår. Nordsida får vårsola nokre timar om dagen, medan sørsida må venta nokre dagar eller veker på dei varme strålane. Eg likar sørsida best, men eg veit ikkje heilt kvifor. Kanskje er det historiane far min har fortalt om oppveksten sin i Fresvik som gjer at eg kjenner meg heime på den sida av fjorden? Hovudstraumen i fjorden skal også gå ut på nordsida, så om ein vil padla medstraums meir enn motstraums, bør ein kanskje følgja nordsida. Men me har det ikkje travelt. Og dessutan likar eg snø. Så då blir det sørsida.

Me blir einige om å sikta oss inn mot Frønningen i håp om å finna ein passande stad å overnatta. Det er steinur og bratt skog overalt, og det byrjar bli mørkt. Mannen min mumlar noko om steinrøys, og eg sjekkar kartet for å sjå om eg ser noko som kan likna på flatt terreng. Til sist ser me ei lita flate i overkanten av ei steinur, og bestemmer oss for å sjekka det ut. Snøen ligg heilt ned til fjordkanten, og eg lurer ein augneblink på kva i alle dagar det er me driv med. Det er jo litt av ein start på ferien å måtta overnatta i ei snøkledd steinur.

Men flata me trudde me såg frå fjorden syner seg å vera mosekledd, mjuk og akkurat passe stor til det vesle tomannsteltet vårt, og så snart teltet er oppe og primusen i gang, kjem godkjensla. No er det ferie!

Lang dags ferd til Vik

Det er lite som slår kjensla av å vakna i teltet og vita at dette berre er den første av fleire slike morgonar.

I 11-tida er me i gang – etter litt banning for å få dei tunglasta kajakkane ned steinura til fjorden. Og akkurat dette kan vera ei utfordring når ein padlar på Sognefjorden. Ein kjem seg jo alltids på land, men det er lange strekningar med bratte fjellsider som stuper rett ned i fjorden.

Allereie etter dei første padletaka kjenner eg at dette blir ein bra dag. Sola skin og fjorden ligg blank og fin. I alle fall ei stund. Me passerer Frønningen og bestemmer oss for å ta kortaste veg rett over fjorden til Gagersnes på nordsida pga vindforholda. Eit godt val, for med litt vind i ryggen i tillegg til medstraum, susar me av garde med høg sjølvtillit før me set me kursen mot sørsida igjen, og eg vinkar inn til vakre Fresvik.

Midtfjords.

Eg speidar etter ryggfinner i håp om å sjå noko. Eg veit ein flokk med spekkhoggarar vart sett her for nokre dagar sidan.  Vinden kjem frå nordaust, og sender bølgjer mot oss inn bak og frå sida. Me padlar jamt og trutt, styretak, framdriftstak, styretak igjen, framdriftstak. Litt før Vangsnes vert det skikkeleg rotesjø, og innimellom kjem det bølgjer som slår over kajakken. Mannen min snur seg og spør om det går bra. Eg minner meg sjølv på at det ikkje nyttar å kjempa i mot. Det er betre å spela på lag med fjorden, pusta og slappa av. Og plutseleg rundar me Vangsnes og er på veg mot Vik. Her kjem me litt i le og det er herleg å få litt pause frå både vind og bølgjer. Vik er ei perle, og Vik camping kan by på noko så eksotisk som at ein kan padla heilt til dørstokken ved å følgja elva Hopra eit lite stykke oppover. På denne tida av året er campingen framleis vinterstengd, men ein telefon til ein svært serviceinnstilt eigar opnar dørene for oss. Då blir det ikkje telt i kveld.

Som perler på ei snor

Neste morgon vaknar me til blå himmel og sol. Vinden frå nordaust vil ikkje heilt gje seg, og skal auka på utover dagen. Men fjorden ligg blank og fin når me startar ut frå Vik med kurs mot Arnafjorden. Framleis er fjella høge og bratte i alle retningar, og fjorden kjennest kjend. Me passerer stader med namn som fortel noko om kva som har gått føre seg der før i tida, som Kvernhusviki og Kyrkjeteigen, den gongen fjorden var vegen og ein både naudsynt og farleg del av folk sine liv. Og langs denne strekninga har eg vore i hardt vêr før – så hardt at me måtte søka naudhamn for natta i Vollaviki. Me kjem oss greitt forbi i dag.

- Har du lyst innom Finnabotnen? spør eg mannen min.

Men han har alt fått los på Sylvarnes og me padlar vidare utan å seia så mykje, og passerer fine, gamle gardar som perler på ei snor. Enn å bu her, tenkjer eg.

- Kor langt vil du i dag? spør mannen min.

- Me bør vel koma oss nett forbi Ortnevik, svarar eg, og tek meg sjølv i å tenkja på havet. Er det dit me skal?

Når vegen heim er den lengste

Me vaknar av bølgjeskvulp på Mjølsvikneset. Det skummar kvitt der ute i storfjorden. Same vindretning som dagen før. Same bølgjeretning.

- Det er berre å stålsetja seg, seier eg til mannen min.

- Eg må ha kaffi først, seier han.

Bølgjer og rot.

Eg finn ei lita grop å legga kajakken i som gjer det greitt å koma utpå, trass bølgjer og rot. I det eg skyv meg ut på fjorden kastar ei steinkobbe seg rundt rett framfor kajakken. Og det er kanskje det eg likar aller best med kajakkpadling, at ein faktisk kjem ganske tett på dyrelivet. Men spekkhoggarane har eg framleis ikkje sett snurten av.

Dagens etappe startar med rotesjø, og verre skal det bli. Me padlar utan å seia så mykje. Det er det som er så fint med å padla med nokon du kjenner godt. Ein kan vera saman og dela opplevingar utan å snakka det i hel. Me padlar forbi Instevik, Fuglsbøen og inn mot Vamråksvika. Her ser me opp på det karakteristiske fjellet dei kallar Seglet. Det skummar kvitt der ute i storfjorden, men be blir einige om å kryssa utløpet til Fuglesetfjorden som går inn til Bjordal, og ferda over mot Krossen blir ein humpete etappe. Me møter nokre veldig rare straumar, og vinden frå nordaust gjer at bølgjene kjem frå alle retningar.

Me passerer til slutt Ikjefjordsbrua og langt der ute ser me ferjene som går mellom Lavik og Oppedal. Det går med andre ord på fram trass vind og bølgjer. Det nærmar seg kveld, og me har sett oss ut ein leirplass som kanskje kan vera aktuell rett forbi Breidmyrneset. Og kvelden kjem med solnedgang og blikkstille fjord.

- Du veit at det er mykje lenger heim igjen til Årdal enn det er til havet herifrå, seier eg til mannen min.

- Eg har for lengst skjønt at du har tenkt deg til havet, seier han.

Sognesjøen og litt forbi

Og slik blir det. Og herifrå er det som om landskapet opnar seg opp. Fjorden blir større medan fjella blir mindre. Og endeleg legg både vinden og fjorden seg, og me kan siga inn mellom holmar og skjer ved Rutletangen. Og så ser me utover Sognesjøen og der ute ventar havet.

Rutletangen og Sognesjøen

- Kvar vil du no? spør mannen min.

- Kva med Bergen? svarar eg.

Dingenesholmane.

Nok for no.

Denne natta legg me oss til på Dingenes, og frå teltet høyrer me at vinden snur og tek seg opp. Så lenge varte altså den stille stunda. Ein kjapp runde innom Yr.no gjer at me bestemmer oss for å droppa motvindspadling heilt til Bergen. Me vil heller padla til Skjerjehamn! Me kjenner nemleg kokken der, og har smakt på kveitemiddagen hans før.

- Har du fått nok no då? spør mannen min, i det eg kravlar opp på brygga i Skjerjehamn.

- Ja, for no, svarar eg.

Publisert første gang i Padling 4 - 2023











Torunn Todal Laberg