om grunnkurs hav
Varigheit: 16 timar (2 dagar)
Pris: Kr 2950,- per person
Dag 1:
Teknikk & redning
Teori
Praksis
Dag 2:
Turdag med fokus på praksis
førebuing
Ta med:
Lette, men varme, klede til å ha på under tørrdrakta
Klesskift
Mat og drikke
Solbriller / caps
Varme og tørre klede til å ha på land
Innhaldet i grunnkurs hav
Du blir introdusert til kajakken og padleutstyret. Etter fullført kurs vil du vera i stand til å bruka kajakken og padleåra og tryggleiksutstyret. I tillegg vil du kjenna til dei grunnleggande redningsteknikkane.
Kurset kvalifiserer deg til våttkort frå Norsk Padleforbund, med oblat som syner at du har gjenomført grunnkurs hav.
Løfte, bere, sjøsette og kome ombord i kajakken
Effektiv framoverpadling
Rygge og stoppe
Sidevegs flytting
Padleteknikk
Svinge til begge sider
Ilandstiging
Sikring av kajakk
Redningsteknikkar
Førebygging av skadar
Turplanlegging
Tryggleik på vatnet
Allemannsretten
Sporlaus ferdsel
Kva er inkludert?
Me stiller alt padleutstyr til disposisjon, inkludert tørrdrakt og vest. Du må ta med ullunder, klesskift og mat og drikke sjølv.
PÅMELDING & BETALING:
Meld deg på ved å fylla ut skjemaet HER.
Betaling med kort ved ankomst: Kr 2950,- pp inkludert våttkort eller til Vipps #519571