Familietur i tandemkajakk på vinteren

DAGLEG FRÅ NOVEMBER - APRIL | 3 TIMAR

Bli med våre erfarne aktivitetsleiarar på eit skikkeleg vintereventyr tilpassa heile familien.  Padling om vinteren kan vera utfordrande pga låge temperaturar, men ein får verkeleg løn for strevet gjennom opplevinga av eit magisk vinterlandskap, med skarp luft og ei stille som ein ikkje finn så mange andre stader. Og me kler kulda ute med lag på lag med ull under tørrdrakter.

Me skreddarsyr turane våre etter vêr- og vindforholda - og tilbyr padling både på Sognefjorden og på Årdalsvatnet.  Familieturane blir lagt opp etter dei yngste i gruppa, med mange stopp, leik og moro.

Me serverer varm kakao/varm te etter ønskje (inkludert i prisen).

PRIS:

FAMILIEBILLETT (1 vaksen + 1 barn i ein tandemkajakk): Kr 1650,-