Loading...

Velkommen til Bulder & Brak Opplevingar

I Årdal får du naturopplevingar i verdsklasse i eit område av Sogn som ligg litt for seg sjølv. Her slepp ein å gå i kø, og det er noko å ta seg til for dei fleste. Bratte fjellsider byr på den beste skikøyringa, den beste klatringa og dei seigaste turane. Djup fjord og store vatn byr på fantastisk fiske og nydeleg padling. Ville og vakre Utladalen gjer Jotunheimen lett tilgjengeleg for dei fleste – anten du vil gå eller sykla. Og ein flott konsekvens av industrieventyret i Årdal er milevis med anleggsvegar som snirklar seg gjennom fantastisk natur – og som eignar seg perfekt for sykling i høgfjellet. Kom bli med du også!

Kurs

Me arrangerer kurs både på fastsette tidspunkt og på førespurnad. Lurer du på om padling er noko for deg? Ta kontakt med oss for å melda deg på introduksjonskurs. Ønskjer du å læra deg å padla? Ta grunnkurs.

INTRODUKSJONSKURS HAV

Bulder&Brak Opplevingar AS arrangerer kurs etter Norsk Padleforbund sin utdanningsstige. Ta kontakt for å melda di interesse for kurs.

Les meir

GRUNNKURS HAV

Bulder&Brak Opplevingar AS arrangerer kurs etter Norsk Padleforbund sin utdanningsstige. Ta kontakt for å melda di interesse for kurs.

Les meir

GRUNNKURS ELV

Bulder&Brak Opplevingar AS arrangerer kurs etter Norsk Padleforbund sin utdanningsstige. Ta kontakt for å melda di interesse for kurs.

Les meir

KAJAKKSKULEN 2017

Kajakkskulen 2017 for deg mellom 10 og 13 år går av stabelen 14.-17. august i Indre Ofredalen i Årdal. Me legg opp til spennande aktivitetar og friluftsliv både med og utan kajakk.

Les meir

Aktivitetar

På førespurnad arrangerer me guida turar både på vatnet, på fjorden og på fjellet. Bli med Bulder&Brak Opplevingar sine lokalkjende guidar på tur!

Familietur med guide

Bulder&Brak Opplevingar arrangerer guida padleturar for heile familien i stødige tandemkajakkar. Born over 12 år kan padla på eiga hand i våre ungdomskajakkar. Turen kan gå anten på Årdalsvatnet eller på Sognefjorden – alt etter ønskje. Ta med mat og drikke. Varigheit: ca 3 timar. Ta gjerne kontakt på epost dersom du ønskjer meir informasjon.

Bestill her

Frå fjord til fjell

Bulder&Brak Opplevingar arrangerer guida turar som kombinerer vandring og padling. Me padlar over Årdalsvatnet til veglause Nundalen, og vandrar frå vatnet heilt opp på Haugstad ca 520 moh. Turen går gjennom gammal kulturlandskap, og me ser mange spor etter ei svunnen tid. Utsikta både undervegs og oppe på Haugstad er fantastisk.

Bestill her

Halvdagstur med kajakk

Bulder&Brak Opplevingar arrangerer halvdagsturar for deg som ønskjer å koma tett på landskapet. Vil du oppleva magisk fjordlandskap eller det spektakulære Årdalsvatnet frå ein kajakk? Me tek oss god tid slik at du verkeleg får sjå og oppleva dei dramatiske fjellsidene som reiser seg rett opp frå vatnet. Varigheit ca 3 timar.

Bestill her

Heildagstur med kajakk

Bulder&Brak Opplevingar arrangerer heildagsturar for deg som vil oppleva fjordlandskapet til fulle. Me padlar frå Vikadalen og kryssar Sognefjorden over til Indre Ofredalen, der me går i land for å sjå på dei historiske bygningane. Her kan me også kjøpa lunsj. Varigheit ca 6 timar. Ta kontakt på epost dersom du ønskjer meir informasjon.

Bestill her

Aktivitetar haust/vinter

Bulder & Brak Opplevingar arrangerer guida turar heile året - både på vatnet, på fjorden og på fjellet. Bli med våre lokalkjende guidar på tur!

Trugetur

Bulder&Brak Opplevingar AS skreddarsyr gjerne turar etter ditt ynskje. Vil du oppleva magisk vinterlandskap utan ski på beina? Bli med oss på trugetur til fantastiske utsynspunkt. Ta kontakt på epost for å melda di interesse for tur.

Vinterpadling med guide

Bulder&Brak Opplevingar AS arrangerer guida padleturar også på vinteren – så sant vatnet og fjorden er isfri. Du kan velja mellom halvdagstur eller heildagstur. Ta kontakt på epost for å melda di interesse for tur.

Om oss

Lars-Kristian Fauske er fysioterapeut av yrke og har brei erfaring frå eit langt friluftsliv. Har du lyst til å testa ut elvepadling, treng ein kjentmann ned bratte fjellsider på downhillsykkel, ønskjer tips om den beste skikøyringa i Årdal eller vil terpa litt langrennsteknikk før Birken, så er Lars-Kristian mannen du vil ha tak i.

Lars-Kristian Fauske
Aktivitetsleiar

Torunn Todal Laberg har jobba med fjell- og breføring i ei årrekkje, og noko av det kjekkaste ho veit er å ta med folk på tur. Torunn likar seg spesielt godt i høgda, og er godt kjend i Vest-Jotunheimen. Utladalen er vegen ho helst tek inn i Jotunheimen - og blir du med Torunn på tur innover der får du garantert mange historiar om folk og natur, geologi og dyreliv på kjøpet.

Torunn Todal Laberg
Aktivitetsleiar og guide

Om Bulder&Brak Opplevingar

Kvifor Bulder & Brak? Ja, kvifor ikkje! Ekteparet Torunn Todal Laberg og Lars-Kristian Fauske er skikkelege friluftsentusiastar, og det dei helst vil er å tilbringa livet ute. Eitt område dei ferdast mykje i er Hurrungane i Vest-Jotunheimen, og det norrøne ordet «hurr» tyder noko slikt som «bråk». I tillegg er Bulder & Brak Opplevingar etablert i Utladalen i Øvre Årdal, og buldring frå fossar, stein og is som kjem ned dei bratte fjellsidene er ein del av livet her – og difor synst me namnet Bulder & Brak Opplevingar passar godt til eit selskap som skal driva med nettopp naturbaserte opplevingar. Me har tru på at friluftslivet bringer med seg noko verdifullt – som fellesskap, utfordringar etter evne og meistringskjensle. Og det er når naturen bråkar litt rundt oss at me verkeleg får kjenna på kreftene me har i kring oss. Det å vera i rørsle ute i naturen gir energi! Kom bli med oss på tur du også!

Ta kontakt

Opplev Årdal med Bulder&Brak Opplevingar

Ta kontakt med oss
Stad
Årdal i Indre Sogn
Ring oss
+47 952 11 657 / +47 975 22 139
Epost
post@bulderogbrak.no

Våre samarbeidspartnarar

Me skreddarsyr opplegg i samarbeid med andre

nn_NO
en_US