Loading...

Grunnkurs hav

Grunnkurs hav

Bulder&Brak Opplevingar AS arrangerer kurs etter Norsk Padleforbund sin utdanningsstige.

Har du lyst til å læra å padla kajakk? Då er grunnkurset noko for deg!

Grunnkurs hav varar i ca 16 timar fordelt på to dagar.

Deltakaren vert introdusert til kajakken og utstyret. Etter fullført kurs har deltakaren gjennom enkel praktisk øving lært å bruka kajakk, åre, trekk og vest. I tillegg er deltakaren kjend med enkle tryggleiksrutinar og øvingar, samt korleis ein effektivt manøvrerer kajakken.

Delmål

  • Løfta, bera, sjøsetta og entra kajakken
  • Effektiv framoverpadling
  • Bakoverpadling og stopp.
  • Sidevegs forflytting av kajakken.
  • Lågt støttetak.
  • Styretak (bak).
  • Sving (sveipetak og styretak).
  • Ilandstiging.
  • Sikring av kajakk etter ilandstiging
  • Redningsteknikkar
  • Skadeførebygging
  • Planlegging av enkel tur som skal gjennomførast
  • Generell tryggleik og grunnleggande sjømannskap
  • Generelt om friluftsliv og allemannsretten
  • Sporlaus ferdsel

PRIS: 2700 kr, med alt utstyr inkludert.

Me samarbeider med overnattingsstader både i Utladalen, i Øvre Årdal, på Årdalstangen og i Ofredalen – så ta gjerne kontakt for eit tilbod på ei kurspakke som inkluderer overnatting.

NESTE GRUNNKURS:

22.-23. juni 2017

Meld deg på!

Me arrangerer også kurs på førespurnad.

Ta kontakt med oss for å melda interesse for padlekurs, så kanskje me kan setja opp eit eige kurs til nettopp deg. Ring oss på tlf 97522139 eller send e-post til post@bulderogbrak.no

nn_NO
en_US