Loading...

Kategori: Ukategorisert

Stemningsrapport frå grunnkurs 11.-12. juni

I helga arrangerte me grunnkurs hav på Årdalsfjorden – og hadde med oss ein flott gjeng med flinke og ivrige folk. Nydeleg vêr og fantastiske padleforhold får fram strålande smil og god stemning hjå dei fleste 🙂 Takk for ei herleg helg til Simen, Monika, Gaute, Mette og Terje!

Introduksjonskurs hav under Nasjonalparkfestivalen

Torsdag 19. mai 2016 skipar Bulder&Brak Opplevingar til introduksjonskurs hav i samarbeid med Nasjonalparkfestivalen «Under Storen» i Årdal.

Kurset vert arrangert etter Norsk Padleforbund sin utdanningsstige, og deltakarane kan få våttkort etter gjennomført kurs.

Pris: 800 kr for kurset + 100 kr for evt våttkort.

Varigheit: 3 timar.

Stad: Årdalsvatnet. Ved svært låge temperaturar i vatnet kan me vurdera å flytta kurset ned til Årdalsfjorden.

 

Vil du vera med?

nn_NO
en_US