Loading...

Forfattar: Lars Kristian

Stemningsrapport frå grunnkurs 11.-12. juni

I helga arrangerte me grunnkurs hav på Årdalsfjorden – og hadde med oss ein flott gjeng med flinke og ivrige folk. Nydeleg vêr og fantastiske padleforhold får fram strålande smil og god stemning hjå dei fleste 🙂 Takk for ei herleg helg til Simen, Monika, Gaute, Mette og Terje!

Rapport frå introduksjonskurset 3. juni

Fredag 3. juni arrangerte me introduksjonskurs hav på Årdalsvatnet for ein heilt herleg gjeng!

Nydeleg vêr, store smil og flinke folk – kva meir kan ein ønskja seg?

Takk for ei flott stund på vatnet til Per, Rolf, Silje, Ingvild, Lise, Helge og Stian!

Har du lyst til å få ein introduksjon til padling? Ta kontakt med oss på post@bulderogbrak.no for å melda di interesse.

Introduksjonskurs hav under Nasjonalparkfestivalen

Torsdag 19. mai 2016 skipar Bulder&Brak Opplevingar til introduksjonskurs hav i samarbeid med Nasjonalparkfestivalen «Under Storen» i Årdal.

Kurset vert arrangert etter Norsk Padleforbund sin utdanningsstige, og deltakarane kan få våttkort etter gjennomført kurs.

Pris: 800 kr for kurset + 100 kr for evt våttkort.

Varigheit: 3 timar.

Stad: Årdalsvatnet. Ved svært låge temperaturar i vatnet kan me vurdera å flytta kurset ned til Årdalsfjorden.

 

Vil du vera med?

nn_NO
en_US